søndag 15. mars 2009

Live e som et puslespel...


5 dagar i Oslo. Møta igjen folk ein har budd me og gått med i 4 år. Folk ein kjenner, og folk ein berre seier hei til. Alle er dei kjende fjes og fakter, om nokon betydde meir for ein enn andre. Finna ut at mange er att her. Men også at mange har reist. Trø opp gater og gå i dører som ein lenge ikkje har vore innom, andre dører som ein gjerne skulle ha vore innom forblir kanskje ubesøkte. Ein kan ikkje rekka alt.


Livet går vidare også der ein ikkje er, men samstundes kan ein merka at noko også har stått stille. Den same latteren. Den same gode tonen og drøsen over kaffikoppen. Åpenhet. Smil og glede over eit enkelt brettspel. Den same frustrasjonen over fotballar som ikkje går der ein ynskjar, den same gleden over dei som gjer det. Alt i saman ulike uttrykksformer for samspel som skjer oss menneskje imellom.

Livet er som et puslespel. Alle er me brikker i liva åt kvarandre. Kvar og ein er me ei senterbrikke. Som vårt livs puslespel er bygd opp om. Nokon brikker er meir fargerike enn andre.

Alle knytar til seg andre brikker og lagar eit mønster. Kanskje ein blome eller ein bukett. Eller kanskje ein måse, rastlaus som den er. Nokon brikker er bare himmel. Men endog himmelen har forskjellig nyanse. Og utan den blå brikka som er himmel vil kanskje ikkje dei andre brikkene synast. Utan den blå brikka som er himmel vil andre brikker kanskje ikkje lenger henga i lag.

For alle brikkene er ikkje ennå synlege. Dei dukkar opp etter kvart som livet går sin gang. Først når livet sluttar kan ein sjå seg tilbake. Sjå at alle brikkene er falt på riktig plass. Om enn ein ikkje forstår dei alle, og ennå mindre korleis dei havna akkurat der dei gjorde.

Alle brikker er med på å lage et puslespel som verden ikkje nokon gong får sjå makan til. Et unikt puslespel. Med andre ord: Et uendelig verdifullt puslespel som det einaste i sitt slag.

Liksom brikkene er også det ferdige puslespelet om mitt og ditt liv forskjellig. Det har forskjellige motiv. Medan nokon er lyse er andre mørke. Nokon har gode motiv, medan andre synes utan meining i det heile. Dei ferdige puslespela kan også hektas saman, som oftast etter tidsepokar for når dei vart lagde. Av og til, i forskjellige epokar dukkar motiv som liknar på kvarandre opp. Historien gjentar seg kanskje.

Når puslespela koblas saman til eit stort bilde kallas det for verdenshistorie.

Det perfekte puslespelet. Det lytefrie. Er det sentrale motivet som alle dei andre puslespela i verdshistoria må forholde seg til.

Av og til ser kanskje mønsteret merkelig ut. Både på kvart einskild puslespel, og på det samla motivet. Litt abstrakt kanskje. Men så kan ein kanskje sjå at det likevel er ei meining med det. Ein meisters hånd har lagt akkurat DEN brikka der. Kobla akkurat dei puslespela saman. For å forme historien om ditt og mitt liv.

Takk til deg som er ei "puslespelbrikke" i mitt liv. Eg greier diverre ikkje alltid sjå ditt bidrag i mitt liv, og eg takkar deg garantert alt for sjelden for at du er den du er. Guds brikke i verda, av uendelig verdi.

La oss vere Guds brikker til hjelp for kvarandre, og for menneskjer me treff på vår vei. Når puslespela er ferdigpusla, og kobla saman, så visar dei forhåpentligvis ei pil inn mot historiens sentrum....

2 kommentarer:

Anonym sa...

flott - eg vert mållaus over ordlegginga di. Takk, du veit kven eg er. Glad i deg - ei viktig brikke i mitt liv.

Helge sa...

Yo man, du e flinke å skriva. Sjekk mail!